Om basaren fyre folkehøgskolen på Joberg

Vestfold[1], 28 mars 1885

A close-up of a text

Description automatically generated

Ved basaren, som vart holdi fyre folkehøgskulen pa Joberg, kom inn som rein vinning pålag 340 Krunar.

Det var ikkje so illa i tider som dessa, – og det visar, at folk her hev samhug med det folkelege oplysningsarbeid.

Folkehøgskulen er ny her i Jarlsberg, og da han ikkje hev nokot tilskot korkje fra stat eller amt, so trengtes det, at han vart stud’ fra ein annan kant, skulde han greida seg.

Vilde no sosant mange gutar og gjentur fra heile amtet søkja han, so var det von um, at han vart faftbuande her og vart stud som dei andre skularne våre.

Og me treng ein folkehøgskule her i Jarlsberg. For enno er her mykje fåkunna og små hugmål fyre dei høgare spursmål.

Og eg vil vona, at den folkehøgskule me eingong hev fenget her, og som hev ein so dugande styrar som hr. Oddmund Vik, måtte verta um sluttad med folkets kjærleik, so han kunde verta gamall her i Jarlsberg.

Da vilde dei myrke tokur av fåkunna og likesæla, som ligg som ei mare yver folkelivet i Jarlsberg, etterkvart verta spreida og eit rikt kristelegt og fedrelandsk åndsliv bløma upp.

Og so jamne, som tilstandene er her, so høve dei tankar, som folkehøgskulen arbeid for, so framifra godt med folket heile liv.

Alle dei, som ved gåvur elder på annan vis hev studja basaren og soleids det folkelege oplysningsarbeid, takkes hjartelegt.

Fredrik Enge.

Vilde «Østlands-Posten» taka upp detta, var det væl.


  1. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digavis_vestfoldsandefjordatten_null_null_18850328_5_25_1